Hopp til innhald
Ramsdal Maskin

Start din karriere som lærling hos oss – vi gir deg moglegheita til å vokse

Hjelm og ein Ramsdal-kopp på teikningar på eit møtebord

Lærling i Ramsdal Maskin

Gjennom åra som har gått har vi hatt over 30 lærlingar og det er tatt over 50 fagbrev i Ramsdal Maskin.

Ramsdal Maskin er godkjent lærebedrift innan:

  • Anleggsmaskinførarfaget
  • Fjell- og bergverksfaget
  • Vei- og anleggsfaget
  • Yrkessjåførfaget
  • Anleggsgartnarfaget

Ramsdal Maskin har som mål å ta inn ein- til to lærlingar kvart år. Vi ønskjer særleg å satse på lokal ungdom som ønskjer å vere med å bidra til vår utvikling.

For å kvalifisere for to-årig læreløp må du ha gjennomført utdanning på vidaregåande skule innan relevant fag. Det finnast i tillegg moglegheiter for å gjennomføre læretida på 3 år om du ikkje tilfredsstiller utdanningskravet for to-årig læreløp.

For å bli lærling hos oss ønskjer vi å bli betre kjent med deg før søknaden kjem. Utplassering gjennom utdanningsløpet er ein ypperleg moglegheit for begge partar å bli kjent!

Gjennom vårt medlemskap i OKAB (opplæringskontor for anlegg- og bergfag) sikrar vi at du som lærling får den nødvendige teoretiske undervisninga og pålagde oppfølginga – samstundes som du får den praktiske læringa hos oss.

Søk om å bli lærling i Ramsdal

Vi har kun open søknad for lærlingar. Skal du ut i lære, ta kontakt med oss i Ramsdal Maskin med ei presentasjon av deg sjølv, så vil vi kontakte deg om dette blir aktuelt for oss.

Kontakt

Kontakt

Ramsdal Maskin AS, Fjordgata 5, 6900 Florø

57 74 75 10Kontakt